Velkommen!

Du er kome til nettsida til det interkommunale hjorteviltutvalet for dei åtte kommunane Bokn, Karmøy, Tysvær, Sveio, Vindafjord, Etne, Suldal og Sauda.  

Sida er under utarbeiding

Direktoratet for Naturforvaltning har vedteke nye jakt- og fangsttider for 2012-2017.  Ny jattidsrame for jakt på hjort vert frå 1/9 til 23/12. Direktoratet nyttar følgjande argumentasjon for utvidinga:
"Det har vært en betydelig økning i hjortebestanden fra 1990 og fram til i dag, noe som har ført til større forvaltningsmessige utfordringer. For å imøtekomme behovet for økt uttak av hjort utvider DN den ordinære hjortejakta både i forkant og i etterkant. Ny jakttid på hjort blir fra og med 1. september til og med 23. desember. Dette for å unngå at jakttida blir en begrensende faktor for å få kontroll på utviklingen i hjortebestandene.
Tidligere jaktstart vil sannsynligvis innebære at trekkende deler av hjortebestanden kan beskattes på sommeroppholdsområdene før høsttrekket starter. Økt uttak er viktig for å sikre tilstrekkelig beitegrunnlag, redusere antall påkjørsler og forhindre skader på hage, jord og skog. Mange næringsorganisasjoner har i høringen poengtert at lengre jakttid vil gi bedre muligheter for næringsutvikling og verdiskaping, gjennom bedre tilrettelegging og utleietilbud ved hjortejakt"
Gå inn på følgjande link for å lese meire om dei nye jattidene:
 
Tysværtunet i Aksdal torsdag 22.mars klokka 18.30. Program: Viktige utfordringar i den vidare hjorteforvaltninga v/ Vebjørn Veiberg, NINA. Presentasjon av hjorteviltregionen, statistikk, regional forvaltningsplan m.m. v/ Harald Løland, Hjorteviltutvalet. Diskusjon / open post. Enkel servering. Fri adgang. Arrangør: Det Interkommunale Hjorteviltutvalet

 21. mars 1999 vart ein spissbukk merka på Fattnes i Suldal (Øyremerkeprosjektet 1996 - 1999).  15.oktober 2011 feller Jan Magnus Hillesland frå Karmøy hjorten på Hebnes i Suldal.  Den er då blitt ein staseleg 12-taggar på 110 kg og nær 14 1/2 år gammal.

 

For kommunane Sauda, Suldal, Vindafjord og Tysvær er hjortejakta 2011 utvida til og med 15.desember. For dei andre medlemskommunane i Hjorteviltutvalet vart hjortejakta avslutta 15.november.

 

Frå og med jaktsesongen 2011, vert tilbod om abonnement på godkjent ettersøkshund gjennom Sporhundsentralen sendt  jaktvalda v/jaktleiar som ein ferdig utfylt giro. Tilbodet går ut via Vindafjord kommune sitt fakturaprogram, og det vil difor stå Vindafjord kommune på giroen. Reglane for tilgang på ettersøkshund  gjennom Sporhundsentralen er at ein må abonnere på samtlege tildelte løyve i valdet. Giroane er difor ferdig utfylt med tildelte løyve for 2011 som
grunnlag.  Faktureringsprogrammet til Vindafjord kommune inneber at giroane t.d. automatisk vert påførd purregebyr m.m.  Sjå vekk frå dette.  Utsendt giro er eit tilbod om tilgang godkjent ettersøkshund slik hjorteviltforskriftene krev for jakt på rådyr, hjort og elg.  Sporhundsentralen gjennomførte over 100 ettersøk i 2010, og har over år opparbeida seg brei kompetanse og erfaring innan området.  Ved abonnement gjennom Sporhundsentralen for kr 90 inkl. mva pr fellingsløyve,  får ein fri tilgang til godkjent ettersøksekvipasje uansett kor mange ettersøk ein treng.

 

Søk

Vakttelefonar

Sporhund: 417 63 137 / 900 64 652

Jaktoppsyn: 411 00 554

Påkjørsle av vilt

Kontakt

Det Interkommunale Hjorteviltutvalet
Ølen Senter
5580 Ølen
95 73 17 15
post@hjorteviltutvalet.no